Det sosiale kretsløp: P.R. Sarkars historieteori

4. januar 2017 Historie, Prout, Utvalgte 0

Makrohistorie – freistnaden på å sjå dei overordna linene i verdshistoria – er fascinerande og  lokkande tankeøvingar. Mange har latt seg freiste; frå Platon, Aristoteles, Augustin, Marx, Engels, Spengler og Vivekananda, til Arnold Toynbee og P.R. Sarkar, for å nemne nokon. Vi leitar etter oversikt over drivkreftene i livet til menneskja, slik at fortida kan bli læremeisteren vår for klok handling i notid og framtid. Særleg omtykt er studering av fellestrekk i dei store imperia, deira vekst og (uunngåelege) fall; ved sida av syklusar i økonomisk historie.

Faren er likevel alltid til stades for at vi skaper vakre modellar der terrenget, den gjenstridige røyndomen, skal passe til kartet, og mange historikarar i dag, kanskje dei fleste, unngår eller beint fram avviser slik overordna teoridanning.

Grunnleggaren av PROUT, den indiske filosofen Prabhat Ranjan Sarkar (1921-90), har lansert ein teori han kalla det sosiale kretsløp (”The socialcycle”). Teorien opererer ikkje med to klassar, men med deifire eldgamle, tradisjonelle hovudklassane eller stendene. Men som marxismen spår han ein sosialistisk revolusjonmot ein skadeleg kapitalistklasse, driven gjennom av dei undertrykte massane.

Generelt grunnlag.

I følgje Sarkar er det endringar i den kollektive psykologi som driv den historiske utviklinga, i motsetnad til Marx, som legg hovudvekta på dei materielle produksjonsforholda. Sjølvsagt dannar dei materielle tilhøva rammer som samfunnet ikkje kan skride over, meninnafor desse styrer sams tenkjemåte, mentalitet, verdsforståing, idear, religion, filosofiar, kulturar, språk osv. handlingane våre så vel individuelt som kollektivt. Like økonomiske vilkår i ymse nasjonar kan gje ganske forskjellig utvikling, avhengig av for eksempel forskjell i religion.

Max Weber og Erich Fromm har skildraden ulike økonomiske utviklinga i protestantiske og katolske land på bakgrunn av luthersk og kalvinsk teologi. Nye dristige idear går alltid føre ein verkeleg sosial revolusjon. Stjerneeksempla er opplysningstida før den franske revolusjonen (og den norske grunnlova), og marxismen før dei sosialistiske revolusjonane.

Den indiske historikaren Raghunath Prasad skriv det såleis:

            – Mennesket er ikkje eit økonomisk dyr, men eit psykisk vesen. Eit grunntrekk ved mennesket er at det ønskjer å beherske naturen. Evna til mennesket til å takle materielle eller økonomiske forhold aukar med utviklinga av menneskesinnet. Det er derfor riktig å si at mennesket er eit psykisk vesen.[i]

Ein sosial klasse er etter dette ei gruppe individ med liknande psykiske karaktertrekk. Desse psykiske tendensane trekk dei ulike klassane mot bestemte slags arbeid. I den grad folk har mulegheit til å velje, så vel gjerne intellektuelle for eksempel undervisning eller kunst, stridslystne dragast mot soldat- og politiyrke, osv.

Den ”gamle” klasseforståinga. 

Klasseforståinga før Marx var den eldgamle standsinndelinga, og menneskesamfunnet var delt i fire stender:

Førstestanden var presteskapet, andrestanden var krigarane (adelen), tredjestanden var handelsfolk og handverkarar (borgarskapet), og fjerdestanden var bønder og arbeidarar (sjå figur). I India er desse stendene identiske med dei fire hovudkastane, men i eldre tid blei sjølveigande bønder rekna til tredjekasten. I Kina rådde ei liknande inndeling, med mandarinane som den statsberande embetsklassen.

Standen var helst noko ein var fødd inn i, og vanskeleg kunne sleppe unna. Men den industrielle revolusjon gav større sosial mobilitet, spesielt var det muleg for føretaksame folk å gjera suksess i handel og industri, og dei gamle standsbanda losna. Marx meinte dermed at det var nok med to hovudklassar, borgarskapet som kontrollerte produksjonsmidlane, og proletariatet.

Denne snevre inndelinga har vist seg ueigna til å beskrive lange periodar av Noregs- og verdshistoria. Eitdømeer embetsmannsstyret i Noreg i tidlegarehundreår, derden gamle marxistiske historikaren Per Maursethhar vist kor dårleg dette regimet på 1800-talet passar inn i den marxistiske klassemodellen.[ii]

Det sosiale kretsløp

Sarkar har halde på dei fire hovudklassane som på sanskrit blir kalla varnas, eller ”mentale fargar”. Klassanestår både opphavleg og i moderne samfunn for ulike psykiske tendensar, men i hans teori går dei inn i eit dynamisk samspel av rivalisering og alliansar kalla det sosiale kretsløp (”thesocialcycle”).

I Sarkarssanskrit-terminologi blir bønder, proletarar og kroppsarbeidarar kallaShudras. Krigarar, militære, politi, profesjonelle idrettsfolk og liknande kallastKsattriyas. Presteskap, brahminer, embetsmenn, lærarar, kunstnarar og intellektuelle kallastVipras; og kjøpmenn, handelsfolk og kapitalistar kallastVaishyas.

Dei fire klassane er i denne teorien ikkje nokon arveleg stand eller kaste som i India, men står for fire forskjellige mentalitetar,fire ulike måtar å ta tak i overlevingsproblema, fire måtar å ville beherske naturen og bli lykkeleg. Dei fleste menneske har desse sinnelaga i forskjellige blandingsforhold, men éin mentalitet dominerer som oftast, i følgje Sarkar, i eit individ eller eit samfunn.I ulike tidsaldrar har éin klasse styrt dei andre, og dei fire klassane avløyser kvarandre i eit sosialt kretsløp gjennom evolusjon og revolusjon, eller sjeldnare, gjennom kontra-evolusjon eller kontrarevolusjon.

Shudra-tidsalderen

Tenkinga til dei første primitive steinalderfolka måtte dreie seg om kampen for å overleve. Psyken var forma av dei harde fysiske tilhøva, og kroppsleg styrke avgjorde rangordninga i flokkane, som hjå menneskeapane. Denne første fasen i mannesoga kallar vi shudra-tidsalderen, og den varte i mange tusen år. Engels kallar dette stadium for urkommunismen, og alle var like på det viset at alle var kroppsarbeidarar. Menneska var drivne av fysiske begjær og instinkt, dei levde stort sett i notida og leid under fryktkompleks andsynes den valdsame naturen. Alt dette slo ut i religionen, og dei dyrka naturkreftene, viltet, frodige kvinner og andre sanselege og sansbare fenomen.

Eldre steinalder var hovudæraen for shudratida. Dei levde i flokkar for små til å kallast stammar, utan hovding eller formalisert autoritet.

Shudraene i dag er sjølvsagt meir utvikla enn i forhistoria. Shudraklassen lever etter trendane i den kollektive psyken, dei reflekterer massepsykologien.

Ksattriya-tidsalderen

Ettersom stammane vart større og samanstøytar i mellom dei vanlegare, voks behovet for dyktige hovdingar som ikkje berre åtte rå fysisk styrke, men også mot, snarrådigheit og krigskunst. Shudra-alderen går gradvis over i ksattriya-alderen. I yngre steinalder og bronsealderen har vi fått eit slikt samfunn i Noreg. Denne æraen innebar opphavleg ei foredling av medvitet hjå menneska opp frå reint sanselege behov. Eigenskapar som mot, beskyttelsestrong, offervilje, disiplin og ansvar blir venta av krigarane og hovdingane, noko som og vert ideal for resten av folket. Denne tidsalderen varer gjennom jarnalderen og når høgda si under vikingtida. Familie- og ættebanda blir svært sterke, og dei gamle og sjuke blir ikkje sette att ute i øydemarka som under den nomadiske shudratida, men stelt og tatt vare på. Konturane av dei første politiske institusjonane trer fram gjennom landskapstinga, og lover blir vedtekne og sidan nedskrivne. Dei moralske ideala i tida les vi i det gammalnorske diktet Håvamål.

Ksattriyaene er opptatt av notid og fortid, dvs fortidas ære og bragdar. Dei ønskjer å erobre jorda framfor å underkaste seg ho. Andsynes eit mektig fjell ville shudraen falle på kne og tilbe det, medan ksattriyaen ønskjer å stige opp på det. Religionen dyrkar krigargudar som Odin, Tor, Zevs og Indra, ved sida av virile grødesymbol som Frøy, Dionysos, fallos, lingam og liknande.

I verdshistoria reknar vi det gamle Hellas, Egypt, Persia, soldatkeisardømmet i Rom og Mahabharata-tida i India som typiske ksattriya-aldrar. Dei fell nokolunde saman med oldtidas slavesamfunn i Engels’ terminologi. (Skjønt kor viktige og kor talrike trælane var, varierte mykje.)

I høgkulturane i oldtida er samfunnet meir differensiert; nye yrke er komne til, som prestane, tidlegare medisinmenn og shamanar, som tar seg av gudsdyrkinga; og handverkarar og handelsfolk, som livnærer seg av kjøp og sal. Den førstnemnde gruppa verkar ikkje gjennom kroppsstyrke, men gjennom psykisk kraft eller intellekt. I Noreg i førkristen tid omfatta desse heidenske prestar (goder), spåkoner (volver) og trollmenn (seidmenn). Desse utgjorde aldri noko trugsmål mot dei heidenske krigarhovdingane. Men Snorre skriv at da Hårfagre-sonen Ragnvald Rettilbeine, kongen av Hadeland, vart seidmann, så sende faren sonen Eirik Blodøks til Hadeland der han brende inne Ragnvald og 80 seidmenn, ”og det verket vart mykje rosa”.

Heilt annleis vart det ved innføringa av kristendommen. Opphavleg gav kristendommen ekstra ideologisk stønad til kongemakta. Kyrkja og kongen verna og støtta kvarandre mot opprørske stormenn og gjenstridige bønder. Men da kristendommen hadde slått rot, vart biskopane stadig nøyare på kva for slag kongsemne dei støtta, heilt til privilegia og makta deira var sikra i det gammalnorske samfunnet.

 

Vipra-tidsalderen

Denne klassen består av biskopar og prestar, ministrar, embetsmenn, lærarar, kunstnarar og andre intellektuelle yrke.Vipraen ønskjer å rå over naturen ved hjelp av sitt sinn eller intellekt. Han kalkulerer både med fortid og notid for å planlegge for framtida.

Denne æraen kom etter måten seint til Noreg. Overgangen starta i Europa med keisar Konstantins omvending til kristendommen, men kaoset som følgde Romarrikets fall hemma denne utviklinga da Europa fall i bitar i ulike stamme- og nasjonalstatar. Først da paven hadde vakse seg mektig, vart krigarmakta verkeleg truga. Høgdepunktet vart nådd under striden mellom den tysk-romerske keisar og paven, inntil pavestolen gjekk sigrande ut, og overhøgda til den katolske kyrkja vart formelt etablert.

I tillegg var nå nasjonane blitt så komplekse, og Staten hadde tatt på seg så mange funksjonar, at kongane var blitt avhengige av ein stor administrasjon med ministrar og kanselli, og dei tok gradvis over taumane frå adelen og kongen. Det som vart starta av Kyrkja, blei fullført av desse embetsmennene, delvis i makkerskap med dei geistlege. Forfallet i adelen og kongeættene framskunda denne utviklinga. Desse såkalla krigarane, berre i namnet, kallar Sarkarpseudo-ksattriyas, ein degenerert hoffadel, der jakt og flørt var kjærare syslar enn administrasjon.

Opphavleg stod vipraene for nok ei heving av kollektiv tenking, i det ein del av dei ønska å erstatte maktspråket til krigarane med moralske bod og åndeleg vakning. Gradvis vart slaveriet avskaffa, menneskeofring og utsetting av spedbarn blei forbode, og sosiale institusjonar vart danna (for eksempel katedralskular og hospital på 1200-talet). Dessutan fekk vi nært samband med europeisk kristen kultur som musikk, byggekunst, litteratur og klostervesen.

Men i maktposisjon sette raskt forfall og nytingssjuke inn, og kyrkja viste seg som ein slu undertrykkar av den godtruande allmugen. Ved hjelp av kjetterprosessar, inkvisisjon og heksebrenning klarte ho å halde folk nede i lydnad. Frykt- og mindreverdskompleks blei medvite planta inn i folk ved å få dei til å tru at dei ville hamne i helvete viss dei ikkje lydde kyrkja, eller at dei inst inne var svarte syndarar der einaste berginga var Herrens tilgjeving, formidla av den same kyrkja. Vipra-alderen innebar både i Asia og Europa den djupaste fornedringa av kvinnene. Dei heilage bøkene slo fast den lægre stillinga deira,t.d. hjå Muhammed, Manu’s lov, Konfucius og somme stader i Bibelen, og reduserte dei til husslavar og nytingsobjekt for mennene.

I Europa fell denne æraen nokolunde saman med føydaltida i Mellomalderen. I Noreg er det naturleg å sette Borgarkrigane som overgangsfase frå Ksattriya- til Vipra-alder. Mange historikarar har prøvd å forklare korfor dei hyppige tronfølgjestridane nå skulle utarte til ein langvarig borgarkrig (1130-ca.1228).

Marxist-orienterte historikarar som Edvard Bull og Andreas Holmsen lanserer proletariatet som hovudaktør mange hundre år for tidleg, og hevdar at dei nye klassemotsetnadene mellom lendmenn/godseigarar og småbønder/leiglendingar/fattigfolk gav næring til dei langvarige kampane. Knut Helle heftar seg ved at Noreg i fleire tiår var delt i to kongedømme; eitt birkebeinardømme med sete i Nidaros, og eitt baglardømme med sete på Austlandet. Helle omgår problemet ved å kalle borgarkrigane landsdelsmotsetnader og siste lekk i rikssamlinga, starta av Harald Hårfagre. Denne forklaringa tar ikkje dei reelle klassemotsetnadene alvorleg, noko kjeldene ber rikeleg bod om.

No har ein tredje klasse, Kyrkja eller vipraene, byrja å blande seg inn i stridane og forkludrar det naturlege oppgjeret mellom tronpretendentane. Den dominerande klassekampen sto mellom dei intellektuelle og krigarane, representert ved hhv. biskopane og kongemakta. Rett nok gav dei nye underklassane i Noreg ekstra mykje drivstoff til kampane, men dei var berre bønder i sjakkspelet, medan stormenn, konge og kyrkje førte sjakkbrikkene. Baglarkongedømmet på Austlandet var eit genuint kyrkjeparti, stifta av Oslo-bispen og kalla opp etter ein bispestav, ein ”bagall”. Når stormennene, kongen og kyrkja først vart samde om ei maktdeling ved Kvitingsøy-forliket i 1208, var undertrykkinga av det siste proletaropprøret, Ribbung-oppstanden, ein relativt kort affære. Likevel klarte bondestanden i Noreg, tvers gjennom heile viking- og borgarkrigstid, å halde fast på odelslova – den eldste antikapitalistiske lova i verda (i følgje Per Olaf Lundteigen). For bøndene var rivaliseringa mellom kyrkje- og kongeparti ein fordel – dei støtta det partiet og det kongsemnet som gav dei dei beste vilkåra, mot slutten ville det seie Sverre-ætta.

Kyrkja støtta konsekvent svake og ettergivande kongssøner som den drikkfeldige iren Harold Gilchrist (Harald Gille) og krøplingen Inge Krokrygg. Når ein genuin kongsson sto aleine sigrande att på slagmarka som Håkon Herdebrei i 1160, så lanserte kyrkja sine eigne usurpatorar som Magnus Erlingsson eller Filippus Simonsson. Ho hadde mektige våpen i si hand, m.a. bannstrålen og makt over allmugens sinn, og den siste kongen som hevda makta si over kyrkja, var Sverre, som sjølv var både presteutdanna og krigar. Etter at Sverre hadde andast, forsona sonen Håkon seg med paven, stort sett på vilkåra til Kyrkja. Pave Innocens 3. stod da som den mektigaste herskaren i Europa. Men enno skulle det gå lang tid før Kyrkja si maktstilling i det gammalnorske samfunnet var trygga, etter langvarig rivalisering og tautrekking med konge og adel. I katolsk tid vart kyrkja den største jordeigaren i Noreg. I Midt-Noreg rådde erkebispen i Nidaros over ein tredjedel av jordegodset.

Vipra-alderen heldt fram inn i Den Nye Tid, men med hovudtyngda i ministrar og embetsmenn. Under Reformasjonen fekk vi ein kortvarig Ksattriya-reaksjon da lutheranarane i Tyskland vart nøydde til å krype opp på fanget til fyrstane for å unngå utsletting av den katolske keisaren. Som motyting gav Reformasjonen kongane og fyrstane igjen herredømmet over kyrkja og kyrkjeeigedommane. Denne premien lokka dei nordeuropeiske fyrstane over til Luthers lære, som i Danmark-Noreg i 1536. – Men no var nasjonane blitt så avanserte at fyrstane ikkje kunne administrere dei utan bistand frå dei intellektuelle, og makta gjekk raskt over til vipraene igjen.

Kongen vart etter kvart ein borgar-konge, i Danmark-Noreg ved innføringa av eineveldet i 1660. Typiske vipra-styrarar er kardinal Richelieu i Frankrike, kardinal Wolsey i England, Struensee og Guldberg under den sinnsjuke Christian 7. i Danmark og ayatollahKhomeiny i Iran, som kom til makta ved ein kontrarevolusjon i 1979.

I 1814 misser vi også kongens formelle einevelde over embetsverket, og 1800-talet vart det store hundreåret for embetsmennene eller vipraene i Noreg, inntil nye endringar i samfunnet tok til mot hundreårsskiftet.

Vaishya-tidsalderen

Handelsborgarskapet hadde gradvis auka i styrke og rikdom dei siste hundreåra. Men i Noreg vart mange av dei mektigaste ruinerte under blokaden i åra før 1814. Men ca 1880 til 1900 set den industrielle revolusjonen inn i Noreg også. Masseproduksjon gir store fortenester på få hender. Desse nyrike handelsfolka og industriherrane tar gradvis kontrollen over avisene, partia, Stortinget og regjeringa i kraft av økonomisk makt.

Vi går dermed inn i kapitalist- eller Vaishya-tidsalderen. I Noreg skjer dette ved eit tilsig av forretningsfolk inn i leiarskapen for dei to store partia, Venstre og Høire, i 1890-åra. Høire blir direkte talsmann for næringslivet, Venstre blir talsmann for det liberale borgarskapet. Dei tre store Venstre-hovdingane i første halvdel av førre hundreåret, Chr. Michelsen, Gunnar Knudsen og Mowinckel, var alle skipsreiarar (frå Bergen).

Starten på kvar ny æra blir prega av dynamisme og optimismeetter som dei gamle undertrykkande institusjonane fell bort.I tidleg fase av Vaishya-alderen kan samfunnet oppleve betre tilhøve på mange område, særleg der kapitalistane ikkje er sterke nok til å rå aleine, men må gje konsesjonar til dei andre klassane. Industri og kommunikasjonar blir mykje meir effektive, stands-banda losnar og gir sosial mobilitet. Somme rikfolk donerer delar av rikdommen til filantropisk verksemd som undervisning og sjukestell.

Diktatura under vipra- og ksattriya-styra passa kapitalistane dårleg, sidan desse regima heldt reglar og kjepphestar som hemma business og handel, t.d. l’ancienrégimeføre den franske revolusjonen. Demokratiet vart det føretrekte styresettet for kapitalistane, først fordi dei kunne kamuflere opphoping av formue som ein del av dei borgarlege fridomane, dernest fann dei ut at det stort sett var lettast å kjøpe stemmane til fleirtalet, direkte og indirekte, gjennom kontroll over parti og media.

Vaishyaen vil kontrollere verda ved å akkumulere kapital og eigedom. Ofte er han ein tapar frå det intellektuelle området (”loser in thebattleofwits”), men kompenserer ved å utvikle ”money-makingintellect”. Det trengst nokon til å telle pengar og drive handel også, og profitt og tileigning av rikdom blir den fremste oppgåva hans. Dette utviklar ein svært farleg og antisosial mentalitet som i si logiske følgje kan føre samfunnet til fullstendig kollaps. Ingen ting er heilag for vaishyaen, berre han kan gjera profitt. Det ferske Patentdirektivet er eit grelt døme, der vaishyaen vil ta ”patent” på ikkje berre oppfinningar, men jamvel oppdagingar, som patent på liv: korleis arveanlegga er sett saman i planter og dyr.

Medan dei andre klassane samlar seg rikdom for å nyte fruktene av han, så er akkumulasjon av kapital eit mål i seg sjølv for vaishyaen.

Vaishyaene lar shudraene sveitte for seg i fabrikkane. Dei let dei intellektuelle arbeide for seg i partia, massemedia, og noko som er blitt sers populært dei seinaste åra; i såkalla tenkje-tankar (Civita og liknande), med rause honorar og berømmelse som løn.

Vipraene blei gradvis avhengige av fonda og stønaden frå kapitalistane, og flesteparten av dei tener i dag kapitalistklassen direkte som teknokratar og ingeniørar, juristar og journalistar; og indirekte som lærarar, filosofar og teologar, som taktfullt rettferdiggjer det herskande systemet.

Ksattriyaene blir likeins rekvirert av kapitalistane når det trengst. Politiet og militæret hegnar om business-interesser når dei er truga av streikar, demonstrasjonar og opptøyar.

Men mot slutten av Vaishya-alderen, sein-kapitalismen, blir utbyttinga farleg både for samfunnet, naturen og verda. Kapitalismen tar meir og meir ei parasittisk form, og ikkje berre shudraene, men også vipraene og ksattriyaene blir proletariserte og trykt ned i underklassestatus. ”Vi er alle arbeidarar no”, som det stod i ei sosialistavis nyleg.[iii] Kapitalakkumulasjonen når groteske høgder, og viss ikkje dei undertrykte klassane mannar seg opp til revolusjon, så kan det siviliserte samfunn saman med kapitalistane gå til grunne, nett som også kjukene døyr når dei har øydelagt treet dei har snylta på.

Shudrarevolusjon og Sadvipras

Men som ein hovudregel er det just det som skjer: at dei undertrykte massane reiser seg i raseri mot kapitalistklassen. Mange tidlegare kapitalistiske land har allereie opplevd ein proletær eller shudrarevolusjon, med påfølgjande overgang til militærmakt.­Denne fasen kallast den andre ksattriya tidsalder, og dei fleste kommunistiske landa gjekk inn i sin andre krigaralder i førre hundreåret, for eksempel Kina, Sovjet, Cuba og Vietnam. I desse landa pressa vipraene på for større fridom, i dei kommunistiske landa var det dei intellektuelle som utgjorde hovudopposisjonen. – Når det sosiale hjulet først har fullført eitt kretsløp, så kan dei neste fasane komme mykje raskare. Rørslene i kretsløpet kan gå ved evolusjon, men spesielt overgangen frå kapitalist- til neste æra,shudrarevolusjonen, skjer hurtigog hardhendt.

[Omgrepet ”revolusjon” avgrensar vi her til ei brå politisk og økonomisk samfunnsomvelting med vid omfordeling av eigedom. ”The American Revolution” i 1770-åra er såleis ingen ekte revolusjon, så på norsk kallar vi opprøret for den amerikanske fridomskampen.]

Den store depresjonen i 1930-åra og dei kommunistiske shudra-revolusjonane i aust skremde vaishyaene i Vesten til å inngå fleire kompromiss med shudra-klassen, slik som blandingsøkonomiane i frå 1930-åra av, heilt fram til Thatcher-Reagan-reaksjonen i 1980-åra.

Spesielt i dei nordiske landa fekk vi med sosialdemokratiet noko som mange såg som ein allianse eller klasseforlik mellom vaishya- og shudra-klassen, med mange progressive lover og skattar, sosialstell og samfunnsstyring av viktig nøkkelindustri og kommunikasjonar.

Men med kommunismens fall i Aust-Europa, som kan tolkast som ein vipra-(r)evolusjon, har reaksjonen sett inn i vest. Vaishyaene har følt seg trygge nok til å stramme taumane og drive det sosiale hjulet attende til full kapitalist-kontroll.

Særleg tydeleg er dette i USA og EU, men også Noreg har følgt etter frå og med Willoch- og Brundtland-regjeringane, med EU-tilpassing via EØS, privatiseringar, ”offentleg-privat samarbeid”, ”New Public Management” osb, ofte hylja inn i så framand retorikk at folk flest har vondt for å følgje med i kva som eigentleg skjer. For eksempel blir desse anti-sosiale lovene kalla ”modernisering”(!).

På slutten av seinkapitalismen er det i røynda berre to hovudklassar; kapitalistar/vaishyaer og proletarar/shudraer. Dei proletariserte intellektuelle og krigarane har Sarkar gjeve eit eige omgrep: viksubdhashudras. Det er frå desse nedtrykte, tidlegare middelklassefolka at dei fleste revolusjonsleiarane vil komme. Kapitalistane er eigentleg ikkje så redde for arbeidaruro, dei ottast meir for arbeidarleiarane.

Eit kort- eller langvarig kaos kan rå grunnen i ein revolusjonær situasjon, som blir kalla den andre shudra-æraen, i røynda anarki, som varer berre så lang tid det tar før den ksattriya-dominerte leiarskapenav revolusjonen har festa grepet om makta. Derfor er det i alle si interesse at revolusjonsleiarane har ein så klar ideologi og handlekraft som muleg, med ein disiplinert arme. Kor blodig desse omveltingane blir, avheng av sinnelaget hjå kollektivet. Viss samfunnet er idealistisk orientert med sterke vipra-leiarar, så treng det ikkje flyte blod i det heile tatt, motsett tradisjonelle krigarsamfunn, med mange ksattriya-leiarar, der slike revolusjonar gjerne blir valdelege.

Swami Vivekananda, Indias ”patriot-saint”, har ein liknande teori (i 1899), med fire klassar der shudraene til slutt gjer revolusjon mot vaishya-styret. Men byrjinga av den historiske framstillinga er litt rotut, mellom anna hoppar han over urkommunismen og lanserer brahminane som den første dominerande klassen, før krigarane. Men omshudra-revolusjonen skriv han:

.. a time will come when the Shudras of every country, with their inborn Shudra nature and habits – … – will gain absolute supremacy in every society.[iv]

Revolusjonsleiarane vil bli dei nye krigarleiarane i andre ksattriya tidsalder. For at ikkje det nye militærstyret skal føre til nye æraer med undertrykking av andre klassar, av menneskeverd og –rettar, så må leiarane ha dei beste eigenskapane, grunnlagt på universell moral. Folk med desse eigenskapane kallar SarkarSadvipras, som kan omsettast til ”sann intellektuell”. På det viset tar det sosiale kretsløp form av ein oppgåande spiral. Sjølv om klassekamp og maktmisbruk ikkje kan avskaffast, så vil kvar ny æra vera av ein høgare orden enn den føregåande.Sarkar talar også om eit klasselaust samfunn, etter som fleire og fleire blir sadvipras.[v]

Eller som Johan Galtung seier det [omsett frå engelsk]:

            Sarkars bodskap er heilt klar: elitar kan ikkje sitte oppå folk utan at dei før eller seinare reagerer, og da ser folket valga i demokratiet berre som rotasjon av elitar.

               Finst det ikkje utvegar frå Sarkars kretsløp? Visst gjer det det. Sarkar har ein formel: sett motet til krigarane, skaparevna til dei intellektuelle, virketrongen til kjøpmennene og  jordnært, sunt  folkevett saman i éin person. Sadvipraene passar på at kvar elite blir brukt i denne prosessen for sine positive bidrag … og bur grunnen for etterfølgjarane deira når dei negative draga dominerer, så som undertrykking frå krigarane, ritualisme frå dei intellektuelle og utbytting frå kapitalistane. Og felles for dei alle: arroganse. Sadvipraene, slik som bodhisatvaene i somme greiner av buddhismen, fyller denne rolla.[vi] 

Revolusjonsleiarane skal leie menneskja bort frå utbytting og undertrykking frå ein av dei fire klassane. Oppgåva deira blir å stå i navet i samfunnshjulet, i dei sosiale råda som folkets utvalde representantar, for når som helst å slå til mot undertrykking og misbruk og om nødvendig reise populære rørsler for å sikre ei progressiv utvikling.

Vi bør komme i hug at same kor godt politisk system vi lagar; – viss leiarane ikkje er gode, moralske og ukorrupte, så vil systemet feile. Det er nær sagt betre med eit dårleg system med gode leiarar, enn det omvendte.

Kilder:

[i] Raghunath Prasad: A New Interpretation of History,s 49.New Delhi 1972.

[ii] Per Maurseth: ”Embetsmennene i Norge på 1800-tallet – herskende klasse eller politisk redskap?” Prøveforelesning for doktorgraden 1980. Trykt i Samtiden nr 1 1981.

[iii] Linn Stalsberg: ”Folk flest er i samme finanskrise. Vi er alle arbeidere nå”. Klassekampen 11.7.09.

[iv]SwamiVivekananda: Modern India, s 64. Calcutta 1971, omsett frå bengali.

[v] P.R. Sarkar: Prout in a Nutshell, Part 18. Calcutta 1980.

[vi] Johan Galtung:”PROUT’S SOCIAL CYCLE”, i Dada Maheshvarananda: After Capitalism(Washington DC, København, New Delhi, Belo Horizonte, 2004), s 160-62.

Andre kjelder:

Andreas Holmsen: Norges historie fra de eldste tider til 1660.

JosteinNerbøvik: Norskhistorie 1870-1905.

Prabhat Rainjan Sarkar: Human Society, Calcutta 1984.

Friedrich Engels: Familiens, privateiendommens og statens opprinnelse.

Karl Marx: Det beste av.. Tekster i utvalg ved Fredrik Engelstad, spesielt s 79-322.

Om skribenten

Edvard Mogstad: Sekretær i ProutNorge, samt historiker og lektor med tillitsverv i Nei til EU og Noregs Mållag.

Null kommentarer

Har du noen tanker om innholdet? Gi din kommentar

E-posten din vil ikke bli synlig

Legg igjen en kommentar