Kva er ”norsk kulturarv”?

Kva er ”norsk kulturarv”?

10. mai 2017 Kultur 0

Spørsmålet vart stilt av sosialantropologen Marianne Gullestad i Klassekampen sist laurdag: ”hva er ”norsk kulturarv” i et flerkulturelt samfunn”, og ”Hva er egentlig ”norske” verdier i diskusjonen om møtet med islam?” Ho er aktuell med boka Plausible Prejudice, der ho tar tak i debatten om Vesten og islam, som blir framstilt som ei verdikonflikt, men like mykje er ei verdiforvirring, seier ho.

Eg har ikkje lese boka enno, men i mange år har eg undervist i samfunnslære på vidaregåande skular. For litt over ti år sia kom eit nytt emne inn i faget, kalla ”kulturforståing”. Ein velkjend pedagogisk metode er å byrja med det nære; – før vi lærer om fjerne kulturar, er det greitt å forstå sin eigen, dvs den norske. Men ingen av lærebøkene eg har sett, prøver å gje ei framstilling av kva norsk kultur er for noko. Det blir berre noko laust skvalder om geitost, 17.mai og tur i Nordmarka. Sidan dette ikkje er nok for elevane, så har eg laga ei oversikt for mi eiga undervisning, kalla ”Kva er norsk kultur?” Eit samandrag av dette kjem nedafor, som eit innspel i den aktuelle debatten:

Kva har gjennom tidene skapt det ”norske”? Kva av det overleverte, historiske lever framleis? Kva er nytt og moderne? Kva er sært, og kva er felles med andre land? Det kan vera praktisk å byrja i fortida, og gradvis gå til vår eiga tid, for å finne den blandinga vi kallar ”norsk kultur”.

For det første set landskapet klare rammer: Fjord og fjell, fiske og magert og spreitt jordbruk gav spreidd busetting, framfor samling i landsbyar, som er det vanlege i resten av verda. Dette kan ha gjeve grobotn for meir individualisme. For det andre hadde vi ein nokolunde sjølvstendig allmuge der fleirtalet, heile landet under eitt, var frie odelsbønder (eller leiglendingar med odelsrett), altså ingen liveigenskap (bondetrelldom), som på Kontinentet.

Vi hadde eiga dikting og sogelitteratur på nasjonalspråket, og eigne lover, vaksne fram frå landskapslovene. Mykje av dette finst i lover og rettstenking framleis, tru det eller inkje, i slikt som odelsloven, allmannaferdsle i skog og mark, havet som allmenning, og naudhjelp til fattige og uheldige. I vekselverknad med omverda utvikla landet sin eigen versjon av folkedikting, -musikk, dans og drakt.

I Middelalderen vart vi med Kyrkja ein del av den felleseuropeiske kulturen. Seinare kom også europeisk filosofi, litteratur, musikk og kunst til, og med dei renessansen, humanismen og opplysingstida som for alltid sprengde rammene som kyrkje eller dogmetru freista å spenne rundt den frie tanken.

På 1800-talet sette det moderne samfunnet inn for fullt, med demokrati, kapitalisme og industrialisering, som igjen utløyste sosialisme og sosialdemokrati. På 1900-talet er vi blitt med i moderne vestleg underhaldningskultur, der film, Hollywood, motar, reklame, sanseleg nyting, rus og ”hedonisme” er viktige ingrediensar. Det er denne kulturen mange utafor Vesten tar for å vera vestleg kultur, sidan han er så dominerande i media. Han kan verke fråstøytande på fleire enn berre religiøse menneske, med si einsidige vekt på materialisme og hedonisme i ein sjølvopptatt saus.

Tilbake til Gullestads to spørsmål: Norsk kulturarv trur eg det er muleg å finne fram til, noko eg har freista ovafor. Men med norske verdiar blir det verre. Eg vonar at vi har verdiar felles med både kristne, muslimar, hinduar, humanistar og så vidare, at dei har røter i alle verdsdelar, og at vi etter kvart blir samde om dei same verdiane, same kva slags kultur vi elles kjem frå.

 

Edvard Mogstad,

Historikar.

Om skribenten

Edvard Mogstad: Sekretær i ProutNorge, samt historiker og lektor med tillitsverv i Nei til EU og Noregs Mållag.

Null kommentarer

Har du noen tanker om innholdet? Gi din kommentar

E-posten din vil ikke bli synlig

Legg igjen en kommentar