Prout og forureining

Prout og forureining

15. mai 2017 Miljø, Prout 0

Mykje av forureininga i verda kjem frå transport og overforbruk av råvarer. Måten Prout sin økonomi og skattesystem er organisert på, vil sterkt avgrense denne sløsinga.

For det første inneber den desentraliserte økonomien at alle basis-varer skal produserast lokalt. Mykje av den ressurs-øydande transporten av mat og klede over landegrensene blir dermed utelukka.

For det andre vil skattesystemet gradvis avskaffe inntektsskatt og arbeidgiveravgift, og i staden vri det over på ressurs-skatt, det vil seie skatt på råvarer tekne ut av jord, berg, luft og vatn ved startlekken av produksjonen. (Sjå Towsey: Tax in a Proutist Society.) Dette vil vri produksjonen mot meir arbeids- enn råvareinnsats.

For det tredje skal brukarane få betale for forureininga si. Det skal bli slutt på subsidieringa av tungtransport-lastebilane, som slepp å betale for slitasjen på motorvegane, mellom anna. Ein trailer slit hundrevis gonger meir asfalt enn ein personbil utan at eigaren treng å betale særleg meir i årsavgift. Dette kjem av den uhøyrde makta som transportfirmaene sit med. Viss tungtransporten verkeleg lyt betale, vil det automatisk gjera jernbane, elv- og sjøtransport relativt billegare.

Dessutan skal vi ha straffe-avgift på forureinande forbruk og produksjon, slik vi har ein del av i dag og, t.d. på plastposar, diesel, bensin, tobakk o.l. Spesielt skadeleg produksjon som ikkje er strengt nødvendig, vil bli forbode.

 

Edv. Mogstad

Om skribenten

Edvard Mogstad: Sekretær i ProutNorge, samt historiker og lektor med tillitsverv i Nei til EU og Noregs Mållag.

Null kommentarer

Har du noen tanker om innholdet? Gi din kommentar

E-posten din vil ikke bli synlig

Legg igjen en kommentar