Skottlands nasjonalistparti vil ha EU?

Skottlands nasjonalistparti vil ha EU?

10. mai 2017 Politikk 0

Det skotske nasjonalistpartiet (SNP) vil ha ny folkerøysting om unionen med England. England og Wales, som hadde fleirtal for Brexit, tar heile Storbritannia med seg ut av EU. Men no vil dei skotske nasjonalistane bli uavhengige av London, berre for å bli underlagt Bryssel!

Viss SNP verkeleg vil vera patriotiske, så må dei rydde opp etter den store uretten etter «the Clearances». Skottland har ei av verdas skeivaste fordeling av jord, der ei handfull adelsmenn eig mesteparten av landet. På slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet vart engelske og skotske småbønder, i massevis, drivne vekk frå jorda si i det som heiter «Enclosure» (inngjerding) i England og «Highland Clearances» i Skottland.

Allmenningen i England vart gjerda inn og seld til private jordeigarar, med makt, etter vedtak i Parlamentet, der jordeigarane hadde fleirtal. Dei fordrivne bøndene måtte falby arbeidskrafta si i den veksande industrien, eller emigrere. I Skottland åtte baronane og hertugane mesteparten av jorda, og dei dreiv vekk småbøndene med brutal makt, heile landsbyar vart brende ned, for å gje rom for sau, som gav større avkastning til lordane. God blå-blå landbrukspolitikk, med andre ord!

Bøndene emigrerte til Australia og Amerika, eller vart proletarar i byane. Store delar av den skotsk-gæliske kulturen blei dermed utrydda.

Skottane var ikkje verna av noka odelslov. Da dei norske Orknøyane og Hjaltland (Shetland) vart selde til skottekongen av Kristian 1., den dansk-norske kongen, i 1476, var alle bøndene sjølveigarar. Men i 1567 vart Magnus Lagabøtes landslov bytt ut med skotsk lov.

Bøndene miste vernet frå Odelslova, og mange vart leiglendingar under skotske adelsmenn. Ikkje å undrast at desse øyane hadde den største prosentdelen som ikkje ville ha eit uavhengig Skottland. Dei hadde fortent, i dag, å ha ei eiga folkerøysting om dei heller ville vende tilbake til det norske moderlandet.

Det skotske nasjonalistpartiet må vise sann patriotisme. Framfor å leite etter nye herrar bør dei arbeide fram ei rettvis jordreform.

 

Edvard Mogstad,

historikar

Om skribenten

Edvard Mogstad: Sekretær i ProutNorge, samt historiker og lektor med tillitsverv i Nei til EU og Noregs Mållag.

Null kommentarer

Har du noen tanker om innholdet? Gi din kommentar

E-posten din vil ikke bli synlig

Legg igjen en kommentar