Det er tilløp til panikk blant dei nordiske og europeiske leiarane no som Den store Far i Washington meiner at dei bør klare seg sjølve. Dei er blitt så vande til å lyde og tilbe herren sin, dei har kriga for amerikanske interesser out-of-area, dei har viljug vore med på å sanksjonere, til eigen skade, og bjeffe på den store, stygge bjørnen i aust da det passa herren, berre for å sjå at meisteren fekk andre planar og etterlèt dei aleine med den sinte bamsen. Så kva skal dei små, nordiske landa gjera no? Den indiske filosofen P.R. Sarkar har skrive at «Du kan ikkje vera eit lam i eit samfunn av tigrar!», og at «Tida renn ut for små nasjonar». Dei historielause leiarane i riksdagar og ting leitar etter ein ny herre, ei ny stormakt, og somme tykkjer ho er funnen i Bryssel. Løysinga ligg ope i dagen: Dei nordiske landa treng ikkje knele for føydalherrar; i Washington, Bryssel, Berlin, eller Moskva for den saks skuld. Dei må rette ryggen og slå seg saman, for felles tryggleik og interesser. Eit sameint Norden blir så sterkt økonomisk og militært at dei ikkje treng å ta imot ordrar utanfrå. Norden er så lik i kultur, folkesetnad, språk og historie at dei høyrer naturleg saman, til skilnad frå folka lenger sør i Europa. Historia bør ha lært oss kor farleg det er å leggja lagnaden sin i hendene på ein føydalherre, som kan vera godlynt i dag, i morgon, men om tretti år? Dette har Danmark nyleg fått røyne i den siste Grønlandssaka. Eit nordisk forbund er ingen ny tanke; det har vore prøvd før – mange gonger. I Middelalderen var samlingstanken drive fram av aggressive nasjonar som freista å erobre dei andre med våpenmakt, først Danmark i vikingtida under Svein Tjugeskjegg og Knut den mektige, deretter Norge under Harald Hardråde. I sein middelalder var Norge igjen den aggressive pådrivaren under Håkon 5. Magnusson, og det kulminerte med Kalmarunionen i 1397, under dronninga Margrete, enka etter Håkon 6. No var alle dei nordiske landa eina under éin monark, inkludert Island og Grønland, som høyrte til Norge, og Finland, som var ein del av Sverige. Haken ved Kalmarunionen var at han var dominert av den mektigaste nasjonen – Danmark – og Sverige gjekk inn og ut, heilt til dei braut avgjerande med Gustav Vasa etter Stockholms blodbad i 1520. Så vart Sverige mektigast, og prøvde å ta Danmark-Norge, som ende med freden i København i 1660 og dei grensene vi har i dag. Men tru ikkje at desse forsøka tok slutt. I Sverige og Danmark forstod høge politikarar som Johan Gyllenstierna, Hannibal Sehested, Gyldenløve og Griffenfeld at erobring og tvang ikkje var vegen, og det førte til Lundaforbundet i 1679, som var eit utanriks- og handelspolitisk fellesskap, og ein myntunion. Nederlanda og Frankrike tvang landa våre til å gi opp dette forbundet etter Gyllenstiernas død. I dei følgjande tre hundre år fekk vi mange freistnader på friviljuge forbund som stort sett er ukjende for vårt nordiske publikum. Men kvar gong dette lukkast, blanda stormaktene seg inn og hindra tettare samarbeid. Eit sterkt, sameina Norden var det siste stormaktene ville ha. England, Nederlanda, Frankrike, Russland, Tyskland og USA har i tur og orden systematisk nytta splitt-og-hersk slik at dei kan bruke dei rike nordiske ressursane til eigen bate. Spesielt var dei imot at same makt stod på båe sider av Øresund, som før 1660. I 1691 vart vi igjen samde om eit nøytralitetsforbund, men det vart splitta av stormaktene i 1696. I 1756 og igjen i 1794 freista vi nye nøytralitetsforbund, som brast med Napoleonskrigane. På midten av 1800-talet var Skandinavismen svært populær, og den barnlause danskekongen, Frederik 7, freista å få den svenske kongen som etterfølgjar. Tyskland og Russland sette seg tvert imot. Under andre verdskrigen gjekk alvoret opp for Sverige og Finland. Etter den finsk-sovjetiske vinterkrigen 1939-40 og det tyske overfallet på Norge, ville Sverige og Finland, hausten 1940, danne eit statsforbund! Dei fekk eit trugande Njet og Nein frå Stalin og Hitler. Etter krigen føreslo Sverige Nordisk forsvarsforbund, i 1948. Dette vart forpurra av USA, med ryktespreiing og skremsler om sovjetiske erobringsplanar før Arbeidarpartiets landsmøte, og Danmark og Norge gjekk inn i Nato. I 1970 prøvde dei nordiske landa ein nordisk økonomisk union, NORDØK, som ville vera eit nordisk alternativ til EU. Tingingane gjekk raskt unna, men kort før ratifisering insisterte dei danske (og norske) EU-tilhengjarane garanti for dobbel medlemskap i Nordøk og EU. Dette var uakseptabelt for Finland, men også for Sverige, fordi det streid mot nøytralitetspolitikken deira! Men i media på den tida fekk Finland skulda, dei skulle ikkje få «lov» av Sovjetunionen. Den finsk-ålandske redaktøren Atos Wirtanen skreiv i 1942, at «Ett enat Norden är ingen utopi, det är en historisk nödvändighet. Utopisk är den tron, att ett splittrat Norden skulle kunna fortstå ograverat under en osäker morgondag. Förverklingandet av den gamla nordiska enhetsdrömmen är en statsmannauppgift, kanske den största som kan föreläggas nordiska statsmän.» (Ett enat Norden, Helsingfors 1942) Så der står Norden no – underlagt amerikansk militær okkupasjon og EUs økonomiske diktat. Nokon statsmann (eller kvinne) av format har vi sakna lenge. Men historia har vist oss at dei nordiske landa gong på gong har freista å sameine seg, – og det er den einaste farbare vegen på lang sikt. Kor tett samanslutninga skal vera, kan diskuterast, men eg og mange nordistar vil ha eit statsforbund, ikkje ein forbundsstat, men ein konføderasjon der landa har kvar sine parlament og lover, men at dei har felles forsvar og marknad. Det nordiske forbundet vil vera mellom dei største i verda, nok til å gjera dei sjølvstendige andsynes Washington, Bryssel, Moskva, eller kven det skulle vera! Edvard Mogstad, historikar, Styreleiar i Fritt Norden Norge [Fritt Norden har nasjonale avdelingar i Norge, Sverige og Danmark, og dei arrangerer Nordisk folkeriksdag kvart år, på omgang i dei nordiske landa.]
Det sosiale kretsløp: P.R. Sarkars historieteori
Makrohistorie – freistnaden på å sjå dei overordna linene i verdshistoria – er fascinerande og lokkande tankeøvingar. Mange har latt seg freiste; frå Platon, Aristoteles, Augustin, Marx, Engels, Spengler og Vivekananda, til Arnold Toynbee og P.R. Sarkar, for å nemne nokon. Vi leitar etter oversikt over drivkreftene i livet til menneskja, slik at fortida kan bli læremeisteren vår for klok handling i notid og framtid. Særleg omtykt er studering av fellestrekk i dei store imperia, deira vekst og (uunngåelege) fall; ved sida av syklusar i økonomisk historie. Faren er likevel alltid til stades for at vi skaper vakre modellar der terrenget, den gjenstridige røyndomen, skal passe til kartet, og mange historikarar i dag, kanskje dei fleste, unngår eller beint fram avviser slik overordna teoridanning. Grunnleggaren av PROUT, den indiske filosofen Prabhat Ranjan Sarkar (1921-90), har lansert ein teori han kalla det sosiale kretsløp (”The socialcycle”). Teorien opererer ikkje med to klassar, men med deifire eldgamle, tradisjonelle hovudklassane eller stendene. Men som marxismen spår han ein sosialistisk revolusjonmot ein skadeleg kapitalistklasse, driven gjennom av dei undertrykte massane. Generelt grunnlag. I følgje Sarkar er det endringar i den kollektive psykologi som driv den historiske utviklinga, i motsetnad til Marx, som legg hovudvekta på dei materielle produksjonsforholda. Sjølvsagt dannar dei materielle tilhøva rammer som samfunnet ikkje kan skride over, meninnafor desse styrer sams tenkjemåte, mentalitet, verdsforståing, idear, religion, filosofiar, kulturar, språk osv. handlingane våre så vel individuelt som kollektivt. Like økonomiske vilkår i ymse nasjonar kan gje ganske forskjellig utvikling, avhengig av for eksempel forskjell i religion. Max Weber og Erich Fromm har skildraden ulike økonomiske utviklinga i protestantiske og katolske land på bakgrunn av luthersk og kalvinsk teologi. Nye dristige idear går alltid føre ein verkeleg sosial revolusjon. Stjerneeksempla er opplysningstida før den franske revolusjonen (og den norske grunnlova), og marxismen før dei sosialistiske revolusjonane. Den indiske historikaren Raghunath Prasad skriv det såleis: – Mennesket er ikkje eit økonomisk dyr, men eit psykisk vesen. Eit grunntrekk ved mennesket er at det ønskjer å beherske naturen. Evna til mennesket til å takle materielle eller økonomiske forhold aukar med utviklinga av menneskesinnet. Det er derfor riktig å si at mennesket er eit psykisk vesen.[i] Ein sosial klasse er etter dette ei gruppe individ med liknande psykiske karaktertrekk. Desse psykiske tendensane trekk dei ulike klassane mot bestemte slags arbeid. I den grad folk har mulegheit til å velje, så vel gjerne intellektuelle for eksempel undervisning eller kunst, stridslystne dragast mot soldat- og politiyrke, osv. Den ”gamle” klasseforståinga. Klasseforståinga før Marx var den eldgamle standsinndelinga, og menneskesamfunnet var delt i fire stender: Førstestanden var presteskapet, andrestanden var krigarane (adelen), tredjestanden var handelsfolk og handverkarar (borgarskapet), og fjerdestanden var bønder og arbeidarar (sjå figur). I India er desse stendene identiske med dei fire hovudkastane, men i eldre tid blei sjølveigande bønder rekna til tredjekasten. I Kina rådde ei liknande inndeling, med mandarinane som den statsberande embetsklassen. Standen var helst noko ein var fødd inn i, og vanskeleg kunne sleppe unna. Men den industrielle revolusjon gav større sosial mobilitet, spesielt var det muleg for føretaksame folk å gjera suksess i handel og industri, og dei gamle standsbanda losna. Marx meinte dermed at det var nok med to hovudklassar, borgarskapet som kontrollerte produksjonsmidlane, og proletariatet. Denne snevre inndelinga har vist seg ueigna til å beskrive lange periodar av Noregs- og verdshistoria. Eitdømeer embetsmannsstyret i Noreg i tidlegarehundreår, derden gamle marxistiske historikaren Per Maursethhar vist kor dårleg dette regimet på 1800-talet passar inn i den marxistiske klassemodellen.[ii] Det sosiale kretsløp Sarkar har halde på dei fire hovudklassane som på sanskrit blir kalla varnas, eller ”mentale fargar”. Klassanestår både opphavleg og i moderne samfunn for ulike psykiske tendensar, men i hans teori går dei inn i eit dynamisk samspel av rivalisering og alliansar kalla det sosiale kretsløp (”thesocialcycle”). I Sarkarssanskrit-terminologi blir bønder, proletarar og kroppsarbeidarar kallaShudras. Krigarar, militære, politi, profesjonelle idrettsfolk og liknande kallastKsattriyas. Presteskap, brahminer, embetsmenn, lærarar, kunstnarar og intellektuelle kallastVipras; og kjøpmenn, handelsfolk og kapitalistar kallastVaishyas. Dei fire klassane er i denne teorien ikkje nokon arveleg stand eller kaste som i India, men står for fire forskjellige mentalitetar,fire ulike måtar å ta tak i overlevingsproblema, fire måtar å ville beherske naturen og bli lykkeleg. Dei fleste menneske har desse sinnelaga i forskjellige blandingsforhold, men éin mentalitet dominerer som oftast, i følgje Sarkar, i eit individ eller eit samfunn.I ulike tidsaldrar har éin klasse styrt dei andre, og dei fire klassane avløyser kvarandre i eit sosialt kretsløp gjennom evolusjon og revolusjon, eller sjeldnare, gjennom kontra-evolusjon eller kontrarevolusjon. Shudra-tidsalderen Tenkinga til dei første primitive steinalderfolka måtte dreie seg om kampen for å overleve. Psyken var forma av dei harde fysiske tilhøva, og kroppsleg styrke avgjorde rangordninga i flokkane, som hjå menneskeapane. Denne første fasen i mannesoga kallar vi shudra-tidsalderen, og den varte i mange tusen år. Engels kallar dette stadium for urkommunismen, og alle var like på det viset at alle var kroppsarbeidarar. Menneska var drivne av fysiske begjær og instinkt, dei levde stort sett i notida og leid under fryktkompleks andsynes den valdsame naturen. Alt dette slo ut i religionen, og dei dyrka naturkreftene, viltet, frodige kvinner og andre sanselege og sansbare fenomen. Eldre steinalder var hovudæraen for shudratida. Dei levde i flokkar for små til å kallast stammar, utan hovding eller formalisert autoritet. Shudraene i dag er sjølvsagt meir utvikla enn i forhistoria. Shudraklassen lever etter trendane i den kollektive psyken, dei reflekterer massepsykologien. Ksattriya-tidsalderen Ettersom stammane vart større og samanstøytar i mellom dei vanlegare, voks behovet for dyktige hovdingar som ikkje berre åtte rå fysisk styrke, men også mot, snarrådigheit og krigskunst. Shudra-alderen går gradvis over i ksattriya-alderen. I yngre steinalder og bronsealderen har vi fått eit slikt samfunn i Noreg. Denne æraen innebar opphavleg ei foredling av medvitet hjå menneska opp frå reint sanselege behov. Eigenskapar som mot, beskyttelsestrong, offervilje, disiplin og ansvar blir venta av krigarane og hovdingane, noko som og vert ideal for resten av folket. Denne tidsalderen varer gjennom jarnalderen og når høgda si under vikingtida. Familie- og ættebanda blir svært sterke,