Sentralt i PROUT er ideen om eit verdsstyre som kan handle på vegne av alle land. Der er fleire store faremoment ved ein slik ide, til dømes kan eit slikt styre bli korrupt eller handle på vegne av sær-interesser. I dag finst inga klar meining om at leiarar bør ha moralsk haldning og handle til beste for alle. Dette ville vera viktig for representantane i eit slikt styre. Men fordelane ved ideen kan i framtida overskygge farane. Først må det nemnast, at sjølv om FN utretter mykje bra, er dei også svært opptatt av å unngå konflikt med medlemslanda, og halde god tone same kva som skjer. Dei gjer ikkje detektivarbeid sjølv, men stoler på det som blir sagt av nasjonale representantar i kvart land, for eksempel at der ikkje finst slavar i Mauritania, sjølv om store delar av folket arbeider for matrestar og klede*. FN er òg nærast floge på veggen under åtak på land og folk. Hovudideen med eit verdsstyre er å unngå konfliktar, utnytting og undertrykking. Styret burde vera samansett av eitt representanthus med to kammer. Eitt kammer med medlemmer etter folketal, og eitt med like mange medlemmer frå kvar nasjon; om lag slik den amerikanske kongressen er bygd opp. Kvart land under verdsstyret burde vera delt opp i landsdelar, der kvar landsdel har som mål å vera sjølvforsynt med naudsynte varer. Overskot av lokal produksjon kunne bytast mot det som ikkje er fornuftig å produsere lokalt. Dette kunne spare miljøet for forureining ved transport. I tillegg ville det byggje opp industri og økonomi i fattige land, og rike land kunne ikkje kjøpt varar og ressursar til underpris. Først og fremst ville oppgåva til eit verdsstyre vera oppretting av lover, som kvart land ville vera forplikta til ikkje å bryte. Det kunne også få avgrensa makt til spesielle formål. Ei slik lovgiving ville vera viktig for miljøet. Til dømes kunne det gje stønad til indianarar i kampen deira for å ta vare på regnskogen, når deira eiga regjering ikkje bryr seg. Det kunne gje løn til land som reduserer CO2-utslipp og sørgje for skogplanting på plassar som før var kledd med urskog, der det no dyrkast fôr for hamburgar-produksjon. Skogplanting skaper CO2-binding og bremsar klimaendringar. I tillegg burde institusjonen passe på at ikkje tonnevis med miljøgiftig avfall ender opp i fattige land, der dei innfødde sorterer det utan verneutstyr. Den viktigaste årsaka til øydelegging av miljø er kanskje at private og bedrifter kan tene uhemma, på kostnad av kva det skulle vera. (Inntekter kan flyttast til skatteparadis der formuen får vera i fred.) Dette gjev opning for at mange ynskjer mest mogleg profitt på kort tid, utan å ta omsyn til miljøet under produksjonen. Forbrukarar blir lurt til å kjøpe miljøskadelege produkt. Eit verdsstyre kunne lettare innføre tobinskatt som Attac kjempar for, og dermed oppnå skattlegging av forteneste frå aksjesal. Og ein kunne oppfordre landa til å sette tak på inntekt, formue og eigedom, avhengig av kor mykje pengane er verde i kvart land. *Det nye slaveriet (Bales 05)