Makrohistorie – freistnaden på å sjå dei overordna linene i verdshistoria – er fascinerande og lokkande tankeøvingar. Mange har latt seg freiste; frå Platon, Aristoteles, Augustin, Marx, Engels, Spengler og Vivekananda, til Arnold Toynbee og P.R. Sarkar, for å nemne nokon. Vi leitar etter oversikt over drivkreftene i livet til menneskja, slik at fortida kan bli læremeisteren vår for klok handling i notid og framtid. Særleg omtykt er studering av fellestrekk i dei store imperia, deira vekst og (uunngåelege) fall; ved sida av syklusar i økonomisk historie. Faren er likevel alltid til stades for at vi skaper vakre modellar der terrenget, den gjenstridige røyndomen, skal passe til kartet, og mange historikarar i dag, kanskje dei fleste, unngår eller beint fram avviser slik overordna teoridanning. Grunnleggaren av PROUT, den indiske filosofen Prabhat Ranjan Sarkar (1921-90), har lansert ein teori han kalla det sosiale kretsløp (”The socialcycle”). Teorien opererer ikkje med to klassar, men med deifire eldgamle, tradisjonelle hovudklassane eller stendene. Men som marxismen spår han ein sosialistisk revolusjonmot ein skadeleg kapitalistklasse, driven gjennom av dei undertrykte massane. Generelt grunnlag. I følgje Sarkar er det endringar i den kollektive psykologi som driv den historiske utviklinga, i motsetnad til Marx, som legg hovudvekta på dei materielle produksjonsforholda. Sjølvsagt dannar dei materielle tilhøva rammer som samfunnet ikkje kan skride over, meninnafor desse styrer sams tenkjemåte, mentalitet, verdsforståing, idear, religion, filosofiar, kulturar, språk osv. handlingane våre så vel individuelt som kollektivt. Like økonomiske vilkår i ymse nasjonar kan gje ganske forskjellig utvikling, avhengig av for eksempel forskjell i religion. Max Weber og Erich Fromm har skildraden ulike økonomiske utviklinga i protestantiske og katolske land på bakgrunn av luthersk og kalvinsk teologi. Nye dristige idear går alltid føre ein verkeleg sosial revolusjon. Stjerneeksempla er opplysningstida før den franske revolusjonen (og den norske grunnlova), og marxismen før dei sosialistiske revolusjonane. Den indiske historikaren Raghunath Prasad skriv det såleis: – Mennesket er ikkje eit økonomisk dyr, men eit psykisk vesen. Eit grunntrekk ved mennesket er at det ønskjer å beherske naturen. Evna til mennesket til å takle materielle eller økonomiske forhold aukar med utviklinga av menneskesinnet. Det er derfor riktig å si at mennesket er eit psykisk vesen.[i] Ein sosial klasse er etter dette ei gruppe individ med liknande psykiske karaktertrekk. Desse psykiske tendensane trekk dei ulike klassane mot bestemte slags arbeid. I den grad folk har mulegheit til å velje, så vel gjerne intellektuelle for eksempel undervisning eller kunst, stridslystne dragast mot soldat- og politiyrke, osv. Den ”gamle” klasseforståinga. Klasseforståinga før Marx var den eldgamle standsinndelinga, og menneskesamfunnet var delt i fire stender: Førstestanden var presteskapet, andrestanden var krigarane (adelen), tredjestanden var handelsfolk og handverkarar (borgarskapet), og fjerdestanden var bønder og arbeidarar (sjå figur). I India er desse stendene identiske med dei fire hovudkastane, men i eldre tid blei sjølveigande bønder rekna til tredjekasten. I Kina rådde ei liknande inndeling, med mandarinane som den statsberande embetsklassen. Standen var helst noko ein var fødd inn i, og vanskeleg kunne sleppe unna. Men den industrielle revolusjon gav større sosial mobilitet, spesielt var det muleg for føretaksame folk å gjera suksess i handel og industri, og dei gamle standsbanda losna. Marx meinte dermed at det var nok med to hovudklassar, borgarskapet som kontrollerte produksjonsmidlane, og proletariatet. Denne snevre inndelinga har vist seg ueigna til å beskrive lange periodar av Noregs- og verdshistoria. Eitdømeer embetsmannsstyret i Noreg i tidlegarehundreår, derden gamle marxistiske historikaren Per Maursethhar vist kor dårleg dette regimet på 1800-talet passar inn i den marxistiske klassemodellen.[ii] Det sosiale kretsløp Sarkar har halde på dei fire hovudklassane som på sanskrit blir kalla varnas, eller ”mentale fargar”. Klassanestår både opphavleg og i moderne samfunn for ulike psykiske tendensar, men i hans teori går dei inn i eit dynamisk samspel av rivalisering og alliansar kalla det sosiale kretsløp (”thesocialcycle”). I Sarkarssanskrit-terminologi blir bønder, proletarar og kroppsarbeidarar kallaShudras. Krigarar, militære, politi, profesjonelle idrettsfolk og liknande kallastKsattriyas. Presteskap, brahminer, embetsmenn, lærarar, kunstnarar og intellektuelle kallastVipras; og kjøpmenn, handelsfolk og kapitalistar kallastVaishyas. Dei fire klassane er i denne teorien ikkje nokon arveleg stand eller kaste som i India, men står for fire forskjellige mentalitetar,fire ulike måtar å ta tak i overlevingsproblema, fire måtar å ville beherske naturen og bli lykkeleg. Dei fleste menneske har desse sinnelaga i forskjellige blandingsforhold, men éin mentalitet dominerer som oftast, i følgje Sarkar, i eit individ eller eit samfunn.I ulike tidsaldrar har éin klasse styrt dei andre, og dei fire klassane avløyser kvarandre i eit sosialt kretsløp gjennom evolusjon og revolusjon, eller sjeldnare, gjennom kontra-evolusjon eller kontrarevolusjon. Shudra-tidsalderen Tenkinga til dei første primitive steinalderfolka måtte dreie seg om kampen for å overleve. Psyken var forma av dei harde fysiske tilhøva, og kroppsleg styrke avgjorde rangordninga i flokkane, som hjå menneskeapane. Denne første fasen i mannesoga kallar vi shudra-tidsalderen, og den varte i mange tusen år. Engels kallar dette stadium for urkommunismen, og alle var like på det viset at alle var kroppsarbeidarar. Menneska var drivne av fysiske begjær og instinkt, dei levde stort sett i notida og leid under fryktkompleks andsynes den valdsame naturen. Alt dette slo ut i religionen, og dei dyrka naturkreftene, viltet, frodige kvinner og andre sanselege og sansbare fenomen. Eldre steinalder var hovudæraen for shudratida. Dei levde i flokkar for små til å kallast stammar, utan hovding eller formalisert autoritet. Shudraene i dag er sjølvsagt meir utvikla enn i forhistoria. Shudraklassen lever etter trendane i den kollektive psyken, dei reflekterer massepsykologien. Ksattriya-tidsalderen Ettersom stammane vart større og samanstøytar i mellom dei vanlegare, voks behovet for dyktige hovdingar som ikkje berre åtte rå fysisk styrke, men også mot, snarrådigheit og krigskunst. Shudra-alderen går gradvis over i ksattriya-alderen. I yngre steinalder og bronsealderen har vi fått eit slikt samfunn i Noreg. Denne æraen innebar opphavleg ei foredling av medvitet hjå menneska opp frå reint sanselege behov. Eigenskapar som mot, beskyttelsestrong, offervilje, disiplin og ansvar blir venta av krigarane og hovdingane, noko som og vert ideal for resten av folket. Denne tidsalderen varer gjennom jarnalderen og når høgda si under vikingtida. Familie- og ættebanda blir svært sterke,